Fornybar energi


Fokus på grøn industriutvikling og fornybare energikjelder opnar eit stort potensiale for næringsutvikling i fylket.

 

Dei fornybare næringane i Sogn og Fjordane femnar om vasskraft, vindkraft, bioenergi, bølgekraft, solenergi og termisk energi frå grunn og vatn. Felles for utviklinga av desse næringane er trongen for kompetanse, nytenking og dokumentasjon av produkt og tenester.

 

Vi skal arbeide for at fornybar energi vert eit område med sterk auke i verdiskapinga og mange nye lønsame arbeidsplassar i Sogn og Fjordane.

 

Dersom di bedrift har utfordringar som kan løysast med forsking og/eller innovasjon så ta gjerne kontakt med delprosjektleiar eller prosjektleiar.