
LocalHost AS om Kompetansemekling
(9/30/2010 12:25:00 PM)
LocalHost AS, ved grunder Sindre Kvalheim har tatt seg tid til å svare på tre raske spørmål frå Øyvind og Jøril om korleis dei har opplevd tenesta Kompetansemekling.
1. Kven er du/de (bedrifta)?
LocalHost AS er nyleg etablert i Måløy i Vågsøy kommune. Bedrifta har som mål å bli eit leiande selskap innan datarelaterte tenester og er allereie etablert som solid aktør på tenester og datalagring. Mellom anna kan bedrfta i dag vise fram eit av dei mest sofistikerte miljøvennlige kjøleanlegga i landet. Med nærleik til sjøen vert serverane kjølt ved hjelp av spesielle vannkjølte serverskap og kaldt vann som vert pumpa inn frå havet. Sjå http://www.local-host.no
Innovasjon Norge og Fornyingsdepartementet støtta på slutten av 2009 eit nyskapande og ambisiøst forprosjekt der it-bedrifta LocalHost AS skulle undersøke om det er mogeleg å nytte Lefdalgruvene som grønt datasenter. Saman med eit topplag av næringslivsaktørar har dei no sluttført utgreiinga av mulegheitene for å etablere eit av verdas største, sikraste og mest miljøvennlege datasentra i Lefdal gruve i Sogn og Fjordane. Hafslund ASA, IBM, North Cape Minerals, DNB Nor, Sogn og Fjordane Energi (SFE), Videonor og Tandberg deltar alle i forprosjektet økonomisk og/eller med fagekspertise og teknologi. Lefdal Gruve kan bli den største norske satsinga på datalagring nokonsinne.
2. Kva var utfordringa de fekk hjelp med?
Bedrifta fekk i tidlegfasen hjelp frå Jøril og Øyvind i diskusjonar og utforming av forprosjektsøknad for datalagring i Lefdalgruvene.
1. Øyvind var invitert med på gruveomvisning, informasjonsmøte og oppfølgingsdiskusjonen då Fornyingsminister Heidi Grande Røys var i Måløy 18.aug 2009 for å leggje fram ein rapport om grøne datasenter som ei framtidig vekstnæring i Norge. LocalHost er trekt spesielt fram i ”Sky og Fjordane”-rapporten som ei norsk bedrift med unik kompetanse på datalagring og miljøvennlig kjøling. Bedrifta presenterte sin plan om eit samla forprosjekt for Heidi Grande Røys. I etterkant var ei kjernegruppe samla om oppstart av arbeid med ein større søknad til Innovasjon Norge
2. Jøril og Øyvind jobba så vidare med skisse til søknaden i Sogndal med input frå Måløy og etter eit par videokonferansar og diskusjonsrunder vart alle nøgde og søknaden sendt. Heldivis var såg Innovasjon Norge med ein gong potensialet og støtta opp om satsinga.
3. Øyvind deltok og på avslutningssamlinga i Måløy 24.september 2010 og kompetansemeklarane bidreg saman med mange andre på å formidle dei særs positive forprosjektresultata og konklusjonane. Mellom anna på denne VRI-sida. Sjå LEFDALGRUVE sin PROSJEKTPRESENTASJON
3. Korleis opplevde de å få hjelp av Kompetansemekling og har de fått oppfølging?
Bedrifta opplever støtta frå kompetansemeklarane som ubyråkratisk og nyttig, og dei gav eit godt bidrag for å komme vidare med satsinga.