
WIS om Kompetansemekling
(9/7/2010 10:22:00 AM)
WIS, ved entreprenør Jostein Alværn har tatt seg tid til å svare på tre raske spørmål frå Øyvind og Jøril om korleis dei har opplevd tenesta Kompetansemekling.
1. Kven er du/de (bedrifta)?
WIS (Well Integrity Solutions) er oppretta av to erfarne konsulentar i oljebransjen, Jostein Alværn og Bjarne Kåre Langeteig , som ser bransjeforbetringar i å utvikle tryggare og betre injeksjon av rør i olje/gass- brønner under gitte tilhøve. Satsinga på ny teknologi for å tette brønnar som lek og sikre mot lekasje er sentrert rundt Nessane i Balestrand.
WIS gir oljeselskapa ei komplett løsing basert på patentert teknologi for å reparere lekkasjar i ulike olje- og gassbrønnar, både onshore og offshore. Sjå http://www.w-i-s.no
2. Kva var utfordringa de fekk hjelp med?
Bedrifta har ved fleire høve fått hjelp frå Jøril og Øyvind.
1. I 2008 var utfordringa å utvikle grundig kvalitetssikra dokumentasjon på ny teknologi for å tette brønnar som lek og finne rett eksternt kompetansemiljø. Det å detaljert beskrive og klargjere vidare prosess og prosjekt med økonomiske kostnadskalkyler var nødvendig for å bli vurdert av StatoilHydro, Innovasjon Norge og av investormiljø.
- Bedrifta vart kopla mot Grenland Group og fekk hjelp til å utforme eit forprosjekt og finne og søke midlar til dokumentasjonsprosjektet.
2. I 2010 var tema Casing Integrated System (System for betre injeksjon av rør i olje/gass- brønnar.) Profesjonell dokumentasjon var igjen ”proppen”. No for å komme vidare med ei ny Industriell Forskings- og Utviklingskontrakt (IFU)-satsing. Det var behov for enkle testar i modellbrønn på Nessane, Balestrand fylgt opp av test i Stavanger på ekte mindre brønn.
- Bedrifta vart no kopla mot eit anna miljø med rett kompetanse, men søknaden om midlar til dette dokumentasjonsprosjektet vann diverre ikkje fram
3. I tillegg har bedrifta nyleg blitt kopla mot Connect Vest sitt springbrett i Bergen og dette satte oss i dialog med potensielle innvestorer.
3. Korleis opplevde de å få hjelp av Kompetansemekling og har de fått oppfølging?
Gjennomføring av det første dokumentasjonsprosjektet (som elles ikkje ville blitt gjennomført) og deltaking i VRI-programmet har alt i alt vore ei positiv erfaring.
Gjennomføring av prosjektet har bidrege til at bedrifta er blitt meir positive til å samarbeide med FoU-miljø.